42 Moab blir utsletta som folkfordi dei har vist hovmod mot Herren.
43 Det blir gru og grav og garnfor deg som bur i Moab!seier Herren.
44 Den som flyktar frå gru,skal falla i grav,kjem han seg opp or grava,skal han bli fanga i garnet.For eg sender rekneskaps år over Moab,seier Herren.
45 I skuggen av Hesjbonstår utslitne flyktningar.For eld går ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihon.Han skal øyda Moabs tinningog skallen på dei som bråkar.
46 Ve deg, Moab!Det er ute med Kemosj-folket.For sønene dine blir tekne til fange,og døtrene må gå i fangenskap.
47 Men eg skal venda lagnaden for Moabi dagar som kjem,seier Herren.Så langt dommen over Moab.