10 For eg kler av Esauog viser fram gøymestadene hansså han ikkje kan gøyma seg.Herja blir borna og brørne og grannane hans,det er ute med dei.
11 Berre gå frå dine farlause born,eg skal halda dei i live,og enkjene dine kan lita på meg.
12 For så seier Herren:Sjå, dei som ikkje fortener det,må drikka av begeret.Og så skulle du sleppa straff?Nei, du skal ikkje sleppa,du skal drikka!
13 For eg har svore ved meg sjølv,seier Herren:Bosra skal bli til øydemark og til spott,til ruin og til forbanning.Alle byane derskal liggja i ruin for alltid.
14 Ein bodskap har eg høyrt frå Herren,ein bodberar er send til folkeslaga:«Samla dykk og gå mot byen,reis dykk til krig!»
15 Sjå, eg gjer deg liten mellom folka,forakta mellom menneska.
16 Redsla du spreidde,og ditt hovmodige hjarte har narra deg,du som bur i fjellkløfterog held til oppe på høgdene.Men om du legg reiret ditt høgt som ørna,skal eg støyta deg ned derifrå,seier Herren.