16 Redsla du spreidde,og ditt hovmodige hjarte har narra deg,du som bur i fjellkløfterog held til oppe på høgdene.Men om du legg reiret ditt høgt som ørna,skal eg støyta deg ned derifrå,seier Herren.
17 Edom skal bli til øydemark.Alle som går forbi,skal bli forfærde og plystra hånlegover såra ho har fått.
18 Det skal gå som då Sodoma og Gomorraog grannebyane vart øydelagde, seier Herren.Ingen skal bu der,ikkje eit menneske slå seg ned.
19 Sjå, lik løva som kjem oppfrå den tette Jordan-skogentil sletta som alltid er grøn,slik skal eg på ein augneblinkdriva dei bort frå landet.Kven er den utvalde som eg skal setja over det?For kven er som eg?Kven kan stemna meg?Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?
20 Difor, høyr kva avgjerd Herren har teke om Edom,kva plan han har lagtmot dei som bur i Teman.Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,og beitemarkene deira skal bli aude.
21 Når dei fell, skjelv jorda av drønnet,heilt til Sivsjøen høyrest skriket.
22 Sjå, han stig som ei ørn,stuper ned og breier vengene utover Bosra.Den dagen skal hjartet til Edoms krigararvera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.