19 Sjå, lik løva som kjem oppfrå den tette Jordan-skogentil sletta som alltid er grøn,slik skal eg på ein augneblinkdriva dei bort frå landet.Kven er den utvalde som eg skal setja over det?For kven er som eg?Kven kan stemna meg?Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?
20 Difor, høyr kva avgjerd Herren har teke om Edom,kva plan han har lagtmot dei som bur i Teman.Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,og beitemarkene deira skal bli aude.
21 Når dei fell, skjelv jorda av drønnet,heilt til Sivsjøen høyrest skriket.
22 Sjå, han stig som ei ørn,stuper ned og breier vengene utover Bosra.Den dagen skal hjartet til Edoms krigararvera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.
23 Om Damaskus.Hamat og Arpad blir til skamme,for dei har fått høyra ein bodskap om ulukkeog skjelv som havet i uro,aldri fell det til ro.
24 Damaskus mistar motet, snur og flyktar,ho er gripen av trengsleog av rier som hos ei fødande kvinne.
25 Forlaten er den namngjetne byen,mi gledes by!