20 Difor, høyr kva avgjerd Herren har teke om Edom,kva plan han har lagtmot dei som bur i Teman.Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,og beitemarkene deira skal bli aude.
21 Når dei fell, skjelv jorda av drønnet,heilt til Sivsjøen høyrest skriket.
22 Sjå, han stig som ei ørn,stuper ned og breier vengene utover Bosra.Den dagen skal hjartet til Edoms krigararvera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.
23 Om Damaskus.Hamat og Arpad blir til skamme,for dei har fått høyra ein bodskap om ulukkeog skjelv som havet i uro,aldri fell det til ro.
24 Damaskus mistar motet, snur og flyktar,ho er gripen av trengsleog av rier som hos ei fødande kvinne.
25 Forlaten er den namngjetne byen,mi gledes by!
26 Dei unge mennene fell på torga,alle krigarar blir drepne den dagen,seier Herren over hærskarane.