23 Om Damaskus.Hamat og Arpad blir til skamme,for dei har fått høyra ein bodskap om ulukkeog skjelv som havet i uro,aldri fell det til ro.
24 Damaskus mistar motet, snur og flyktar,ho er gripen av trengsleog av rier som hos ei fødande kvinne.
25 Forlaten er den namngjetne byen,mi gledes by!
26 Dei unge mennene fell på torga,alle krigarar blir drepne den dagen,seier Herren over hærskarane.
27 Eg set fyr på muren kring Damaskus,eld skal øyda Ben-Hadads borger.
28 Om Kedar og Hasor-rika, som kong Nebukadnesar av Babel slo.Så seier Herren:Opp, rykk fram mot Kedar,øydelegg folka i aust!
29 Dei skal ta telta og småfeet frå dei,teltdukane og alle reiskapane,dei skal ta kamelane deira med segog ropa til dei:«Redsle på alle kantar!»