25 Forlaten er den namngjetne byen,mi gledes by!
26 Dei unge mennene fell på torga,alle krigarar blir drepne den dagen,seier Herren over hærskarane.
27 Eg set fyr på muren kring Damaskus,eld skal øyda Ben-Hadads borger.
28 Om Kedar og Hasor-rika, som kong Nebukadnesar av Babel slo.Så seier Herren:Opp, rykk fram mot Kedar,øydelegg folka i aust!
29 Dei skal ta telta og småfeet frå dei,teltdukane og alle reiskapane,dei skal ta kamelane deira med segog ropa til dei:«Redsle på alle kantar!»
30 Flykt! Skund dykk bort!Gøym dykk djupt nede,de som bur i Hasor, seier Herren.For kong Nebukadnesar av Babelhar teke ei avgjerdog lagt ein plan mot dykk.
31 Opp, rykk fram mot eit sorglaust folk,mot dei som bur trygt, seier Herren.Det har korkje portar eller bommarog bur for seg sjølv.