3 Klag, Hesjbon,for Ai er øydelagd.Skrik, de Rabbas døtrer,kled dykk i sekkestrie, set i med klageog spring att og fram mellom kveene.For Milkom må gå i eksilog prestane og stormennene med han.
4 Kvifor skryter du av dalane,av grøderikdomen i dalen din,du bortkomne dottersom set di lit til skattane dine:«Kven kan vel nå meg?»
5 Sjå, eg sender redsle over deg,seier Herren, allhærs Gud,frå alle kantar.De skal drivast bort i kvar si retning,og ingen skal samla dei som flyktar.
6 Men sidan vender eg lagnaden for ammonittane,seier Herren.
7 Om Edom.Så seier Herren over hærskarane:Finst det ikkje visdom lenger i Teman?Har ikkje dei kloke råd å gje?Har visdomen deira rotna?
8 Flykt, snu om! Bu i djupet,de som bur i Dedan.For eg lèt Esaus ulukke koma over han,tida då eg krev han til rekneskap.
9 Om drueplukkarar kjem til deg,lèt dei ingen etterhaust bli att.Om tjuvar kjem om natta,øydelegg dei kva dei vil.