32 Kamelane deira skal bli til rov,den store buskapen til bytte.Dei som har kortklipt hår ved tinningen,skal eg spreia for alle vindar;eg lèt ulukke koma over deifrå alle kantar, seier Herren.
33 Hasor blir ein stad der sjakalar held til,ein ørken for alle tider.Ingen skal bu der,ikkje eit menneske slå seg ned.
34 Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Sidkia:
35 Så seier Herren over hærskarane:Sjå, eg bryt sund bogen til elamittane,det sterkaste våpenet deira.
36 Mot Elam sender eg fire vindarfrå dei fire himmelhjørnaog spreier dei for alle desse vindane.Det skal ikkje finnast eit einaste folkeslagder det ikkje kjem nokonsom er drivne bort frå Elam.
37 Eg slår Elam med skrekk for fiendenog for alle som står dei etter livet.Eg lèt ulukke koma over dei,min brennande vreide, seier Herren.Eg sender sverdet etter deitil eg får gjort ende på dei.
38 Så set eg mi trone i Elamog ryddar ut kongen og stormennene der,seier Herren.