4 Kvifor skryter du av dalane,av grøderikdomen i dalen din,du bortkomne dottersom set di lit til skattane dine:«Kven kan vel nå meg?»
5 Sjå, eg sender redsle over deg,seier Herren, allhærs Gud,frå alle kantar.De skal drivast bort i kvar si retning,og ingen skal samla dei som flyktar.
6 Men sidan vender eg lagnaden for ammonittane,seier Herren.
7 Om Edom.Så seier Herren over hærskarane:Finst det ikkje visdom lenger i Teman?Har ikkje dei kloke råd å gje?Har visdomen deira rotna?
8 Flykt, snu om! Bu i djupet,de som bur i Dedan.For eg lèt Esaus ulukke koma over han,tida då eg krev han til rekneskap.
9 Om drueplukkarar kjem til deg,lèt dei ingen etterhaust bli att.Om tjuvar kjem om natta,øydelegg dei kva dei vil.
10 For eg kler av Esauog viser fram gøymestadene hansså han ikkje kan gøyma seg.Herja blir borna og brørne og grannane hans,det er ute med dei.