8 Flykt, snu om! Bu i djupet,de som bur i Dedan.For eg lèt Esaus ulukke koma over han,tida då eg krev han til rekneskap.
9 Om drueplukkarar kjem til deg,lèt dei ingen etterhaust bli att.Om tjuvar kjem om natta,øydelegg dei kva dei vil.
10 For eg kler av Esauog viser fram gøymestadene hansså han ikkje kan gøyma seg.Herja blir borna og brørne og grannane hans,det er ute med dei.
11 Berre gå frå dine farlause born,eg skal halda dei i live,og enkjene dine kan lita på meg.
12 For så seier Herren:Sjå, dei som ikkje fortener det,må drikka av begeret.Og så skulle du sleppa straff?Nei, du skal ikkje sleppa,du skal drikka!
13 For eg har svore ved meg sjølv,seier Herren:Bosra skal bli til øydemark og til spott,til ruin og til forbanning.Alle byane derskal liggja i ruin for alltid.
14 Ein bodskap har eg høyrt frå Herren,ein bodberar er send til folkeslaga:«Samla dykk og gå mot byen,reis dykk til krig!»