1 Gå rundt i Jerusalems gater,sjå og forstå,leit på torga hennarog prøv å finna ein,ein einaste, som gjer rettog søkjer truskap,så eg kan tilgje byen.
2 Dei seier «så sant Herren lever»,men sver likevel falskt.
3 Herre, auga dine ser etter truskap.Du slo dei,men dei kjende ikkje smerte,du gjorde ende på dei,men dei nekta å ta lærdom av det.Dei gjorde andleta hardare enn steinog nekta å venda om.
4 Eg tenkte:Dei er berre små og tåpelege,for dei kjenner ikkje Herrens veg,sin Guds rett.