10 Gå opp på terrassane i vinmarkaog øydelegg dei, men ikkje heilt!Ta bort vinrankene,for dei høyrer ikkje Herren til.
11 For dei har vore trulause mot meg,både Israels og Judas hus,seier Herren.
12 Dei fornektar Herren og seier:«Han finst ikkje,ulukka kjem ikkje over oss,sverd og svolt skal vi ikkje sjå.
13 Profetane skal bli til vind.Dei har ikkje ordet i seg.Slik skal det gå med dei.»
14 Difor seier Herren, allhærs Gud:Sjå, fordi de talar slike ord,gjer eg mine ord i din munn til ein eldog dette folket til vedsom elden skal øyda.
15 Sjå, Israels hus, eg sender mot dykkeit folkeslag frå det fjerne,seier Herren.Det er eit mektig folkeslag,eit folk frå gammal tid.Du kjenner ikkje språket deiraog skjønar ikkje kva dei seier.
16 Pilkoggera deira er som ei open grav,krigarar er dei alle.