14 Difor seier Herren, allhærs Gud:Sjå, fordi de talar slike ord,gjer eg mine ord i din munn til ein eldog dette folket til vedsom elden skal øyda.
15 Sjå, Israels hus, eg sender mot dykkeit folkeslag frå det fjerne,seier Herren.Det er eit mektig folkeslag,eit folk frå gammal tid.Du kjenner ikkje språket deiraog skjønar ikkje kva dei seier.
16 Pilkoggera deira er som ei open grav,krigarar er dei alle.
17 Dei et kornet og brødet ditt,dei et sønene og døtrene dine,dei et småfeet og storfeet ditt,dei et vinstokkane og fikentrea dine.Festningsbyane dine, som du lit på,skal dei utsletta med sverd.
18 Men jamvel i dei dagane, seier Herren, vil eg ikkje øydeleggja dykk heilt.
19 Når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette mot oss?» – då skal du svara: «Slik de forlét meg og tente framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje er dykkar.»
20 Kunngjer dette i Jakobs hus,og lat det høyrast i Juda: