18 Men jamvel i dei dagane, seier Herren, vil eg ikkje øydeleggja dykk heilt.
19 Når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette mot oss?» – då skal du svara: «Slik de forlét meg og tente framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje er dykkar.»
20 Kunngjer dette i Jakobs hus,og lat det høyrast i Juda:
21 Høyr dette, du tåpelege og uvituge folksom har auge, men ikkje ser,og øyre, men ikkje høyrer.
22 Fryktar de meg ikkje, seier Herren,skjelv de ikkje for mitt andlet?Eg la sand til grense for havet,ei evig grense som det ikkje kjem over.Bølgjene slår, men klarer det ikkje,dei bryt, men slår ikkje over.
23 Men dette folket hareit trassig og opprørsk hjarte,dei har vike av og gått bort.
24 Dei seier ikkje i hjartet sitt:«Lat oss frykta Herren vår Gud,han som gjev regn i rett tid,både haustregn og vårregn,og passar på vekenesom er fastsette for oss til innhausting.»