24 Dei seier ikkje i hjartet sitt:«Lat oss frykta Herren vår Gud,han som gjev regn i rett tid,både haustregn og vårregn,og passar på vekenesom er fastsette for oss til innhausting.»
25 Men dette er kome i ulage på grunn av skulda dykkar,syndene held det gode borte frå dykk.
26 For det finst urettferdige i folket mitt.Dei ligg på lur som fuglefangarar i dekning,set feller og fangar menneske.
27 Som ei korg full av fuglar,slik er husa deira.Dei er fulle av svik.Difor har dei vorte store og rike,
28 tjukke og feite.Det fløymer over av vonde ord:Dei dømmer ikkje rettså farlause kan vinna fram med si sak,og dei hjelper ikkje fattige til deira rett.
29 Skulle eg ikkje straffa dei for dette,seier Herren,skulle eg ikkje hemna megpå eit folkeslag som dette?
30 Forferdelege og gruelege tingskjer i landet.