4 Eg tenkte:Dei er berre små og tåpelege,for dei kjenner ikkje Herrens veg,sin Guds rett.
5 Eg vil gå til dei storeog tala med dei,for dei kjenner Herrens veg,sin Guds rett.Men dei har alle brote åketog slite lenkjene sund.
6 Difor skal løva frå skogen slå dei ned,ulven frå øydemarka skal herja,ved byane ligg leoparden på lur,alle som går ut, blir rivne i hel.For brota deira er mange,gong på gong har dei falle frå.
7 Kvifor skulle eg tilgje deg dette?Sønene dine har forlate megog svore ved gudar som ikkje er gudar.Eg metta dei, men dei braut ekteskapet,i horehuset rispa dei seg opp.
8 Dei er brunstige, velfødde hestar,kvar mann vrinskar etter kona til grannen.
9 Skulle eg ikkje straffa dei for dette,seier Herren,skulle eg ikkje hemna megpå eit folkeslag som dette?
10 Gå opp på terrassane i vinmarkaog øydelegg dei, men ikkje heilt!Ta bort vinrankene,for dei høyrer ikkje Herren til.