6 Difor skal løva frå skogen slå dei ned,ulven frå øydemarka skal herja,ved byane ligg leoparden på lur,alle som går ut, blir rivne i hel.For brota deira er mange,gong på gong har dei falle frå.
7 Kvifor skulle eg tilgje deg dette?Sønene dine har forlate megog svore ved gudar som ikkje er gudar.Eg metta dei, men dei braut ekteskapet,i horehuset rispa dei seg opp.
8 Dei er brunstige, velfødde hestar,kvar mann vrinskar etter kona til grannen.
9 Skulle eg ikkje straffa dei for dette,seier Herren,skulle eg ikkje hemna megpå eit folkeslag som dette?
10 Gå opp på terrassane i vinmarkaog øydelegg dei, men ikkje heilt!Ta bort vinrankene,for dei høyrer ikkje Herren til.
11 For dei har vore trulause mot meg,både Israels og Judas hus,seier Herren.
12 Dei fornektar Herren og seier:«Han finst ikkje,ulukka kjem ikkje over oss,sverd og svolt skal vi ikkje sjå.