1 Dette ordet tala Herren gjennom profeten Jeremia om Babel, landet til kaldearane:
2 Kunngjer det mellom folkeslaga, lat det høyrast!Lyft banneret, lat det høyrast!Løyn det ikkje, men sei:Babel er teken,Bel har vorte til skamme,og Marduk er slegen av skrekk.Gudebileta har vorte til skamme,avgudane er slegne av skrekk.
3 For eit folkeslag frå nord rykkjer framog gjer landet til øydemarkså ingen kan bu der;både menneske og dyr flyktar og dreg bort.
4 I dei dagane og på den tida,seier Herren,skal israelittane komaog judearane saman med dei.Gråtande skal dei gåog søkja Herren sin Gud.
5 Dei spør etter Sion,dit vender dei andletet:«Kom, lat oss slutta oss til Herreni ei evig pakt som aldri blir gløymd!»
6 Folket mitt var bortkomne sauer,gjetarane førte dei vill,på avvegar i fjella.Dei gjekk frå fjell til haugog gløymde kvar dei skulle kvila.