11 No kan de vera glade,no kan de jubla,de som plyndra eigedomen min.De hoppar som kalvar i grasetog vrinskar som sterke hingstar.
12 Mor dykkar skjemmest djupt,ho som fødde dykk, blir til spott.Sjå, ho er sist av folkeslaga,ein ørken, tørt land, ei øydemark.
13 Fordi Herren er harm, skal ingen bu der,heile landet skal bli til ein ørken.Alle som går forbi Babel,skal bli forfærde og plystra hånlegover såra ho har fått.
14 Still dykk opp kring Babel,alle bogeskyttarar!Skyt mot henne, spar ikkje på pilene,for ho har synda mot Herren.
15 Lyft hærrop mot henne frå alle kantar!Ho gjev seg over!Støttene hennar er falne, murane brotne ned.For dette er Herrens hemn.Hemn dykk på henne,gjer med henne slik ho sjølv har gjort!
16 Rydd ut or Babel han som sår,og han som svingar sigdennår det er tid for å hausta.Frå sverdet som herjar, skal kvar og einvenda seg til sitt eige folkog flykta til sitt eige land.
17 Israel var ein sau som gjekk vill,løver hadde drive han på flukt.Først åt Assur-kongen han opp,så har kong Nebukadnesar av Babelgnege av beina.