20 I dei dagane og på den tida,seier Herren,skal dei leita etter Israels skuld, men ho er der ikkje,etter Judas synd, men ho finst ikkje,for eg tilgjev dei eg lèt vera att.
21 Dra opp mot Meratajim-landetog gå til åtak på det!Gå mot dei som bur i Pekod,forfølg dei med sverd og slå dei med bann!Gjer alt det eg byd deg,seier Herren.
22 Det er krigslarm i landet,eit stort samanbrot.
23 Knust og knekter all verdsens hammar.Babel har vorteei øydemark mellom folkeslaga!
24 Eg sette snarer for deg, Babel,og før du visste av det, var du fanga.Du vart funnen og gripenfordi du gjekk til strid mot Herren.
25 Herren har opna våpenlageretog teke fram sin harmes våpen,for Herren, allhærs Gud,har arbeid å gjera i landet til kaldearane.
26 Rykk fram mot landet frå alle kantar!Lat opp kornkammera,kast kornet opp i haugar,slå det med bann og øydelegg det,lat ingenting vera att!