6 Folket mitt var bortkomne sauer,gjetarane førte dei vill,på avvegar i fjella.Dei gjekk frå fjell til haugog gløymde kvar dei skulle kvila.
7 Alle som møtte dei, ville eta dei.Fienden sa: «Vi gjer ingen urett,for dei har synda mot Herren,han som er deira rette beitemark, Herren, vona til fedrane deira.»
8 Flykt bort frå Babel,dra ut frå landet til kaldearane,gå som bukkar framfor flokken.
9 For sjå, eg vekkjer ei stor forsamlingav folkeslag frå landet i nordog fører dei opp mot Babel.Dei stiller opp til strid mot byenog tek han.Dei skyt piler som ein dugande krigar,ein som aldri kjem tomhendt att.
10 Landet til kaldearane blir krigsbytte,alle som plyndrar det, blir mette,seier Herren.
11 No kan de vera glade,no kan de jubla,de som plyndra eigedomen min.De hoppar som kalvar i grasetog vrinskar som sterke hingstar.
12 Mor dykkar skjemmest djupt,ho som fødde dykk, blir til spott.Sjå, ho er sist av folkeslaga,ein ørken, tørt land, ei øydemark.