8 Flykt bort frå Babel,dra ut frå landet til kaldearane,gå som bukkar framfor flokken.
9 For sjå, eg vekkjer ei stor forsamlingav folkeslag frå landet i nordog fører dei opp mot Babel.Dei stiller opp til strid mot byenog tek han.Dei skyt piler som ein dugande krigar,ein som aldri kjem tomhendt att.
10 Landet til kaldearane blir krigsbytte,alle som plyndrar det, blir mette,seier Herren.
11 No kan de vera glade,no kan de jubla,de som plyndra eigedomen min.De hoppar som kalvar i grasetog vrinskar som sterke hingstar.
12 Mor dykkar skjemmest djupt,ho som fødde dykk, blir til spott.Sjå, ho er sist av folkeslaga,ein ørken, tørt land, ei øydemark.
13 Fordi Herren er harm, skal ingen bu der,heile landet skal bli til ein ørken.Alle som går forbi Babel,skal bli forfærde og plystra hånlegover såra ho har fått.
14 Still dykk opp kring Babel,alle bogeskyttarar!Skyt mot henne, spar ikkje på pilene,for ho har synda mot Herren.