17 Alle menneske er dumme og uforstandige.Kvar gullsmed må skjemmast av gudebiletet sitt,for det støypte biletet hans er løgn.Det er ikkje ånd i dei.
18 Tomme er dei, eit verk til spott.Når straffa kjem, går dei til grunne.
19 Han som er Jakobs del, er ikkje som desse,for det er han som formar alt.Israel er hans eigen stamme. Herren over hærskarane er hans namn.
20 Du er min hammar, mitt krigsvåpen.Med deg knuser eg folkeslagog øydelegg kongerike.
21 Med deg knuser eg hest og ryttar,vogn og køyrekar.
22 Med deg knuser eg mann og kvinne,gammal og ung,gut og jente.
23 Med deg knuser eg gjetar og buskap,bonde og oksar for plogen,statthaldarar og stormenn.