19 Han som er Jakobs del, er ikkje som desse,for det er han som formar alt.Israel er hans eigen stamme. Herren over hærskarane er hans namn.
20 Du er min hammar, mitt krigsvåpen.Med deg knuser eg folkeslagog øydelegg kongerike.
21 Med deg knuser eg hest og ryttar,vogn og køyrekar.
22 Med deg knuser eg mann og kvinne,gammal og ung,gut og jente.
23 Med deg knuser eg gjetar og buskap,bonde og oksar for plogen,statthaldarar og stormenn.
24 Framfor auga dykkartek eg att mot Babelog mot alle som bur i Kaldeafor alt det vonde dei gjorde mot Sion,seier Herren.
25 Sjå, eg kjem mot deg, du øydeleggjarfjell,seier Herren,du som øydelegg heile jorda.Eg lyfter handa mot deg,velter deg ned frå klippeneog gjer deg til eit utbrent fjell.