26 Ingen skal ta stein frå degtil hjørnestein eller grunnmur,for du skal bli til ørken for alltid,seier Herren.
27 Lyft banneret på jorda,blås i horn mellom folkeslaga,helga folkeslaga til strid mot Babel!Kall kongerike saman mot henne,Ararat, Minni og Asjkenas.Set ein hærførar mot henne!Lat hestar rykkja framsom bustete grashopper!
28 Helga folkeslagatil strid mot henne,kongane og statthaldarane i Media,alle stormennene derog kvart land i riket.
29 Jorda skjelv og vrir seg,for no fullendar Herren planane han har mot Babel:å gjera landet Babel til ei øydemarkder ingen kan bu.
30 Krigarane i Babelhar halde opp å strida.Dei sit stille i borgene,kreftene deira har tørka ut,dei har vorte kvinner.Husa er sette i brann,bommane brotne sund.
31 Sendebod spring mot sendebod,bodberar mot bodberar,for å fortelja kongen av Babelat byen er teken frå ende til annan.
32 Vadestadene er tekne,og sumpane er brende med eld,krigarane er gripne av redsle.