3 Bogeskyttaren skal ikkje spenna bogenog ikkje briska seg i brynja.Skån ikkje hennar unge menn,slå heile hæren med bann!
4 I Kaldea skal dei drepast og falla,stikkast ned og liggja på gatene.
5 For Israel og Juda er ikkje enkjer,forlatne av sin Gud, Herren over hærskarane,endå landet deira er fullt av skuldmot Israels Heilage.
6 Flykt frå Babel, berg dykk alle!Gå ikkje til grunne når byen får si straff.For dette er hemnens tid for Herren,han gjev dei att for det dei har gjort.
7 Babel var eit gullbeger i Herrens hand,ho gjorde heile jorda drukken.Folkeslaga drakk av vinen,difor vart dei som galne.
8 Brått er Babel fallen og knust.Sørg over henne!Hent balsam for såret hennar,kanskje kan det lækjast.
9 «Vi prøvde å lækja Babel,men ho lét seg ikkje lækja.Forlat henne! Lat oss gåkvar til sitt eige land.For dommen over henne når til himmelen,han rekk opp til skyene.»