33 For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Dotter Babel er som ein treskjeplassnår han blir trampa ned.Det er berre ei lita stund att,så kjem hausttida for henne.
34 Kong Nebukadnesar av Babelhar ete meg, gjort ende på megog sett meg bort lik eit tomt kar.Som eit sjøuhyre slukte han meg,fylte magen med mitt beste kjøtog spytta meg ut.
35 Valden eg har kjent på kroppen,skal råka Babel,seier ho som bur i Sion.Lat mitt blod koma overdei som bur i Kaldea,seier Jerusalem.
36 Difor seier Herren:Sjå, eg fører di sakog tek hemn for deg.Eg legg havet hennar tørtog tørkar ut kjelda hennar.
37 Babel skal bli ei steinrøys,ein stad der sjakalar held til,lagd aud og gjord til spottså ingen kan bu der.
38 Alle brøler som unge løverog knurrar som løveungar.
39 Når dei blir heite,steller eg til eit drikkelag for dei.Eg skjenkjer dei fulle så dei blir lystige,dei fell i ein evig søvnsom dei ikkje skal vakna frå,seier Herren.