36 Difor seier Herren:Sjå, eg fører di sakog tek hemn for deg.Eg legg havet hennar tørtog tørkar ut kjelda hennar.
37 Babel skal bli ei steinrøys,ein stad der sjakalar held til,lagd aud og gjord til spottså ingen kan bu der.
38 Alle brøler som unge løverog knurrar som løveungar.
39 Når dei blir heite,steller eg til eit drikkelag for dei.Eg skjenkjer dei fulle så dei blir lystige,dei fell i ein evig søvnsom dei ikkje skal vakna frå,seier Herren.
40 Eg fører dei til slakting som lam,som vêrar og bukkar.
41 Teken er Sjesjak,hærteken er hosom var lovprisa over heile jorda!Ei skremsle har Babel vortemellom folkeslaga!
42 Havet har stige opp over Babel,ho er dekt av brusande bølgjer.