38 Alle brøler som unge løverog knurrar som løveungar.
39 Når dei blir heite,steller eg til eit drikkelag for dei.Eg skjenkjer dei fulle så dei blir lystige,dei fell i ein evig søvnsom dei ikkje skal vakna frå,seier Herren.
40 Eg fører dei til slakting som lam,som vêrar og bukkar.
41 Teken er Sjesjak,hærteken er hosom var lovprisa over heile jorda!Ei skremsle har Babel vortemellom folkeslaga!
42 Havet har stige opp over Babel,ho er dekt av brusande bølgjer.
43 Byane hennar har vorte til ørken,til eit tørt og livlaust land.Ikkje eit menneske bur i dei,ingen dreg igjennom dei.
44 Eg straffar Bel i Babel.Det han har slukt,dreg eg ut or munnen hans.Folkeslag skal ikkje lengerkoma strøymande til han.Også Babels mur er fallen.