41 Teken er Sjesjak,hærteken er hosom var lovprisa over heile jorda!Ei skremsle har Babel vortemellom folkeslaga!
42 Havet har stige opp over Babel,ho er dekt av brusande bølgjer.
43 Byane hennar har vorte til ørken,til eit tørt og livlaust land.Ikkje eit menneske bur i dei,ingen dreg igjennom dei.
44 Eg straffar Bel i Babel.Det han har slukt,dreg eg ut or munnen hans.Folkeslag skal ikkje lengerkoma strøymande til han.Også Babels mur er fallen.
45 Mitt folk, far ut frå henne!Kvar og ein må berga sitt livfor Herrens brennande vreide.
46 Mist ikkje motet og ver ikkje reddenår rykta går i landet,eit rykte det eine åretog eit anna det neste.Vald rår på jord,og herskar står mot herskar.
47 Difor, sjå, dagar skal komadå eg straffar gudebileta i Babelså heile landet blir til skammeog alle der blir drepne og fell.