45 Mitt folk, far ut frå henne!Kvar og ein må berga sitt livfor Herrens brennande vreide.
46 Mist ikkje motet og ver ikkje reddenår rykta går i landet,eit rykte det eine åretog eit anna det neste.Vald rår på jord,og herskar står mot herskar.
47 Difor, sjå, dagar skal komadå eg straffar gudebileta i Babelså heile landet blir til skammeog alle der blir drepne og fell.
48 Himmel og jord og alt som er i dei,skal jubla over Babelnår dei som herjar,rykkjer inn frå nord,seier Herren.
49 De som vart drepne i Israel:Også Babel skal fallaslik dei som vart drepne over heile jorda,fall for Babels skuld.
50 De som slapp unna sverdet,far bort, bli ikkje ståande her!Hugs på Herren i eit land langt borteog tenk på Jerusalem!
51 «Vi vart til skamme,måtte høyra spott,vanære dekte andleta våre;for framande har kome inni heilagdomen, Herrens hus.»