54 Høyr skriket frå Babel,eit stort samanbrot i landet til kaldearane.
55 Det er Herren som herjar Babelog gjer ende på hennar kraftige røyst.Bølgjene brusar som veldige vatn,larmen gjev gjenlyd.
56 For mot henne,mot Babel,kjem det ein som herjar;krigarane blir tekne til fange,og bogane deira blir knekte.For Herren er ein Gud som gjer gjengjeld,han skal betala tilbake.
57 Leiarane og vismennene deira skjenkjer eg fulle,og statthaldarane, stormennene og krigarane hennar.Då fell dei i ein evig søvnsom dei ikkje skal vakna frå,seier kongen, Herren over hærskarane er hans namn.
58 Så seier Herren over hærskarane:Babels breie murarskal jamnast med jordaog dei høge portane brennast.Folka strevar til inga nytte,det folkeslag har slite for, går opp i logar.
59 Dette oppdraget gav profeten Jeremia til Seraja, son til Neria, Mahsejas son, då han drog til Babel saman med Juda-kongen Sidkia i det fjerde året han var konge. Seraja hadde ansvar for å få tak i husrom.
60 Jeremia hadde skrive opp i ei bok alt det vonde som skulle koma over Babel, alle dei orda som her er skrivne om Babel.