58 Så seier Herren over hærskarane:Babels breie murarskal jamnast med jordaog dei høge portane brennast.Folka strevar til inga nytte,det folkeslag har slite for, går opp i logar.
59 Dette oppdraget gav profeten Jeremia til Seraja, son til Neria, Mahsejas son, då han drog til Babel saman med Juda-kongen Sidkia i det fjerde året han var konge. Seraja hadde ansvar for å få tak i husrom.
60 Jeremia hadde skrive opp i ei bok alt det vonde som skulle koma over Babel, alle dei orda som her er skrivne om Babel.
61 Jeremia sa til Seraja: Når du kjem til Babel, skal du syta for å lesa opp alle desse orda.
62 Du skal seia: «Herre, du har tala mot denne staden og sagt at du skal øydeleggja han så ingen kan bu der, korkje menneske eller dyr. Han skal bli til ein ørken for alltid.»
63 Når du er ferdig med å lesa opp denne boka, skal du binda ein stein til henne, kasta henne ut i Eufrat
64 og seia: «Slik skal Babel søkka og aldri koma opp att.» For eg sender ulukke over henne.Her endar orda til Jeremia.