7 Babel var eit gullbeger i Herrens hand,ho gjorde heile jorda drukken.Folkeslaga drakk av vinen,difor vart dei som galne.
8 Brått er Babel fallen og knust.Sørg over henne!Hent balsam for såret hennar,kanskje kan det lækjast.
9 «Vi prøvde å lækja Babel,men ho lét seg ikkje lækja.Forlat henne! Lat oss gåkvar til sitt eige land.For dommen over henne når til himmelen,han rekk opp til skyene.»
10 Herren har gjeve oss rett.Kom, lat oss fortelja på Sionkva Herren vår Gud har gjort.
11 «Kvess pilene, fyll koggera!» Herren har vekt ein tanke hos kongane av Media,for planen hans er å øydeleggja Babel.Det er Herrens hemn,hemnen for hans tempel.
12 Lyft banneret mot Babels murar,styrk vakthaldet,set ut vakterog legg nokre i bakhald!For Herren set i verkdet han har planlagt,det han har sagtom dei som bur i Babel.
13 Du som bur ved veldige vatnog er så rik på skattar,no er enden komen for deg,livstråden skal skjerast av.