1 Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.
2 Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt som Jojakim hadde gjort.
3 Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde, og til sist kasta han dei bort frå sitt andlet.Sidkia gjorde opprør mot kongen av Babel.
4 Då drog Nebukadnesar med heile sin hær mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret til Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og bygde ein voll rundt han.
5 Og byen var kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår.
6 Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst og folket ikkje hadde meir mat,
7 braut fienden gjennom bymuren. Om natta flykta alle krigarane og forlét byen gjennom porten mellom dei to murane, ved kongens hage, endå kaldearane hadde kringsett byen. Og dei tok vegen mot Araba-sletta.