10 Kongen av Babel drap sønene til Sidkia medan han såg på. Alle leiarane i Juda drap han òg der i Ribla.
11 Så stakk han ut auga på Sidkia. Kongen av Babel batt han med bronselenkjer og førte han til Babel. Der vart han halden i fengsel til sin døyande dag.
12 Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste mennene til Babel-kongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var sjef for livvakta.
13 Nebusaradan sette Herrens hus og kongeborga i brann. Alle husa og palassa i Jerusalem brende han opp.
14 Og heile kaldearhæren som stod under kommandoen hans, reiv murane rundt Jerusalem.
15 Så førte Nebusaradan i eksil nokre av dei fattigaste i folket og dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til Babel-kongen, og resten av handverkarane.
16 Berre ein del av dei fattigaste i landet lét Nebusaradan vera att; dei skulle arbeida på vinmarkene og på åkrane.