12 Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste mennene til Babel-kongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var sjef for livvakta.
13 Nebusaradan sette Herrens hus og kongeborga i brann. Alle husa og palassa i Jerusalem brende han opp.
14 Og heile kaldearhæren som stod under kommandoen hans, reiv murane rundt Jerusalem.
15 Så førte Nebusaradan i eksil nokre av dei fattigaste i folket og dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til Babel-kongen, og resten av handverkarane.
16 Berre ein del av dei fattigaste i landet lét Nebusaradan vera att; dei skulle arbeida på vinmarkene og på åkrane.
17 Kaldearane slo sund bronsesøylene i Herrens hus, vognstativa og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babel.
18 Dei tok oskefata og eldskuffene, lysesaksene, offerskålene og røykjelsesskålene og alt utstyr av bronse som hadde vore i bruk i gudstenesta.