18 Dei tok oskefata og eldskuffene, lysesaksene, offerskålene og røykjelsesskålene og alt utstyr av bronse som hadde vore i bruk i gudstenesta.
19 Sjefen for livvakta tok òg med seg alt som var av gull og sølv: bollane og glopannene, offerskålene og oskefata, lysestakane, røykjelsesskålene og kannene til drikkofferet.
20 Dei to søylene, det eine havet, dei tolv bronseoksane under det og vognstativa som Salomo hadde laga til Herrens hus – alle desse tinga inneheldt så mykje bronse at dei ikkje kunne vegast.
21 Begge søylene var atten alner høge og tolv alner i omkrins. Dei var fire fingrar tjukke og hole.
22 Begge hadde eit søylehovud av bronse, og kvart søylehovud var fem alner høgt. Rundt om på søylehovudet var det slyngornament av granateple, alt saman av bronse. Slik var begge søylene.
23 Nittiseks granateple hang fritt. I alt var det hundre granateple rundt om på slyngornamenta.
24 Sjefen for livvakta tok med seg øvstepresten Seraja og Sefanja, presten under han, og dei tre dørvaktarane.