25 Frå byen tok han med seg ein hoffmann som hadde tilsyn med krigarane, sju av kongens fremste tenestemenn som endå var i byen, dessutan skrivaren til hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av folket elles som fanst i byen.
26 Alle desse tok Nebusaradan, sjefen for livvakta, med seg. Han førte dei til Babel-kongen i Ribla,
27 og kongen slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Slik vart folket i Juda ført bort frå landet sitt.
28 Dette er folket som Nebukadnesar førte i eksil: i det sjuande styringsåret 3023 frå Juda,
29 i Nebukadnesars attande år 832 frå Jerusalem.
30 I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvaktsjefen, 745 judearar i eksil. Til saman var det 4600 personar.
31 I det trettisjuande året etter at Juda-kongen Jojakin var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden i det året han sjølv vart konge, tok Babel-kongen Evil-Merodak Juda-kongen Jojakin til nåde og henta han ut or fengselet.