14 Lettvint lækjer dei brotet i folket mitt,dei seier: «Fred, fred!»Men det er ikkje fred.
15 Dei skal bli til skamme,for dei har gjort avskyelege ting.Likevel skjemmest dei ikkje,veit ikkje kva vanære er.Difor skal dei falla mellom dei som er falne.Den timen eg krev rekneskap,skal dei snubla, seier Herren.
16 Så seier Herren:Still dykk på vegane og sjå!Spør etter dei gamle stigane,etter vegen til det gode!Gå på den,så skal de finna kvile for dykkar liv.Men dei svara: «Vi vil ikkje gå der.»
17 Eg sette vaktmenn over dykk.Lytt når hornet gjallar!Men dei svara: «Vi vil ikkje lytta.»
18 Difor, høyr, de folkeslag,og forstå, de som er samla,kva som skjer med dei.
19 Høyr, du jord!Sjå, eg fører ulukke over dette folket,frukta av deira eigne planar.For dei lytta ikkje til mine ord,og dei forakta mi lov.
20 Kva skal eg med røykjelse frå Sabaog det beste krydder frå fjerne land?Brennoffera dykkar tek eg ikkje imot,slaktoffera gleder meg ikkje.