20 Kva skal eg med røykjelse frå Sabaog det beste krydder frå fjerne land?Brennoffera dykkar tek eg ikkje imot,slaktoffera gleder meg ikkje.
21 Difor seier Herren:Sjå, eg legg snublesteinarfor dette folket.Både fedrar og sønerskal snubla i dei,granne og nesteskal gå under.
22 Så seier Herren:Sjå, det kjem eit folk frå landet i nord,eit stort folkeslag bryt oppfrå ytste enden av jorda.
23 Dei har boge og sabel i handa,dei er grufulle og viser ingen nåde.Larmen drønnar som havet,på hestar kjem dei ridande,rusta til krig mot deg, dotter Sion.
24 Då vi høyrde ryktet,vart hendene våre slappe,trengsle greip oss,rier som hos ei fødande kvinne.
25 Gå ikkje ut på marka,ferdast ikkje på vegen,for fienden har sverd,redsle rår på alle kantar.
26 Mitt folk, mi dotter,bind sekkestrie om degog velt deg i oske!Hald sørgjehøgtid over einaste sonen din,ei bitter klage.For brått kjem øydeleggjaren over oss.