4 Lys heilag krig mot henne!Kom, lat oss gå til åtak midt på dagen!Ve oss, det lid mot kveld,og skuggane blir lange.
5 Kom, lat oss gå til åtak i nattog øydeleggja borgene hennar!
6 Så seier Herren over hærskarane:Fell tre og kast opp ein voll mot Jerusalem!Ho er byen som skal krevjast til rekneskap,ho er full av undertrykking.
7 Som ei kjelde held vatnet kaldt,slik held byen vondskapen kald.Der høyrer ein om vald og ran,alltid ser eg sjukdom og sår.
8 Lat deg refsa, Jerusalem,elles bryt eg med degog gjer deg til ein aud stad,eit land der ingen kan bu.
9 Så seier Herren over hærskarane:Hald etterhaust på Israels restsom de gjer med vinstokken!Gå endå ein gong over rankene med handalik ein som plukkar druer!
10 «Kven skal eg tala tilog åtvara slik at dei høyrer?Sjå, dei har uomskorne øyreog kan ikkje høyra etter.Sjå, Herrens ord er spott for dei,og dei bryr seg ikkje om det.