8 Lat deg refsa, Jerusalem,elles bryt eg med degog gjer deg til ein aud stad,eit land der ingen kan bu.
9 Så seier Herren over hærskarane:Hald etterhaust på Israels restsom de gjer med vinstokken!Gå endå ein gong over rankene med handalik ein som plukkar druer!
10 «Kven skal eg tala tilog åtvara slik at dei høyrer?Sjå, dei har uomskorne øyreog kan ikkje høyra etter.Sjå, Herrens ord er spott for dei,og dei bryr seg ikkje om det.
11 Men eg er full av Herrens harme,eg er trøytt av å halda han att.»Så aus han ut over borna på gataog over flokken av unge menn som samlar seg!Både mann og kvinne skal fangast,gamle menn og oldingar.
12 Andre skal overta husa deira,markene og kvinnene òg.For no lyfter eg handamot dei som bur i landet,seier Herren.
13 For alle saman,små og store,skaffar seg urett vinning.Profet og prest,alle fer med svik.
14 Lettvint lækjer dei brotet i folket mitt,dei seier: «Fred, fred!»Men det er ikkje fred.