11 Har det vorte ei røvarhòle i dykkar auge, dette huset som namnet mitt er ropa ut over? Også eg kan sjå, seier Herren.
12 Gå til staden min som er i Sjilo, der eg lét namnet mitt bu i den første tida, og sjå kva eg gjorde med han på grunn av vondskapen hos folket mitt, Israel.
13 Og no har de gjort alle desse gjerningane, seier Herren. De ville ikkje høyra når eg tala til dykk seint og tidleg, og de svara ikkje når eg ropa på dykk.
14 Difor vil eg gjera slik eg gjorde med Sjilo, mot det huset som namnet mitt er ropa ut over, og som de stolar på, den staden eg gav dykk og fedrane dykkar.
15 Og eg vil kasta dykk bort frå mitt andlet slik eg kasta frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims ætt.
16 Du skal ikkje be for dette folket, ikkje bera fram klage eller bøn for det og ikkje prøva å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg.
17 Ser du ikkje kva dei driv på med i Judas byar og på Jerusalems gater?