16 Du skal ikkje be for dette folket, ikkje bera fram klage eller bøn for det og ikkje prøva å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg.
17 Ser du ikkje kva dei driv på med i Judas byar og på Jerusalems gater?
18 Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, kvinnene knar deig for å baka offerkaker til Himmeldronninga, og dei auser ut drikkoffer til andre gudar. Slik krenkjer dei meg.
19 Men er det meg dei krenkjer, seier Herren, er det ikkje seg sjølv, er det ikkje deira eige andlet som får skamma over seg?
20 Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og harme skal ausast ut over denne staden, over folk og fe, over trea på marka og frukta av jorda. Han skal brenna og ikkje slokna.
21 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Legg brennoffer til slaktoffera dykkar og et kjøt!
22 For eg sa ikkje noko om brennoffer og slaktoffer til fedrane dykkar, eg gav dei ikkje noko påbod om det då eg førte dei ut frå Egypt.