20 Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og harme skal ausast ut over denne staden, over folk og fe, over trea på marka og frukta av jorda. Han skal brenna og ikkje slokna.
21 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Legg brennoffer til slaktoffera dykkar og et kjøt!
22 For eg sa ikkje noko om brennoffer og slaktoffer til fedrane dykkar, eg gav dei ikkje noko påbod om det då eg førte dei ut frå Egypt.
23 Men dette bodet gav eg dei: «Høyr på mi røyst, så skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.»
24 Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Dei følgde sine eigne planar, sitt vonde og sjølvrådige hjarte. Dei gjekk bakover, ikkje framover.
25 Frå den tid då fedrane dykkar drog ut frå Egypt og heilt til denne dag har eg sendt alle mine tenarar profetane til dei, seint og tidleg.
26 Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyret til. Dei gjorde nakken stiv og var verre enn fedrane sine.