24 Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Dei følgde sine eigne planar, sitt vonde og sjølvrådige hjarte. Dei gjekk bakover, ikkje framover.
25 Frå den tid då fedrane dykkar drog ut frå Egypt og heilt til denne dag har eg sendt alle mine tenarar profetane til dei, seint og tidleg.
26 Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyret til. Dei gjorde nakken stiv og var verre enn fedrane sine.
27 Når du seier alle desse orda til dei, kjem dei ikkje til å høyra på deg. Når du ropar til dei, kjem dei ikkje til å svara.
28 Då skal du seia til dei: «Dette er folkeslaget som ikkje ville lytta til Herren sin Guds røyst og ikkje ta lærdom. Det er slutt på truskapen, han er borte frå deira munn.»
29 Klipp håret av deg og kast det bort! Stem i ei likklage på dei snaue høgdene! Herren har forkasta og vraka den slekta han er harm på.
30 For judearane har gjort det som er vondt i mine auge, seier Herren. Dei har sett det motbydelege inn i det huset som namnet mitt er ropa ut over, og gjort det ureint.