3 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Gjer vegane og gjerningane dykkar gode, så vil eg la dykk bu på denne staden.
4 Stol ikkje på dei falske orda: «Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel!»
5 Men om de verkeleg gjer vegane og gjerningane dykkar gode, om de gjer rett mot kvarandre,
6 ikkje undertrykkjer innflyttarar, farlause og enkjer, ikkje auser ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje følgjer andre gudar til skade for dykk sjølve,
7 då vil eg la dykk bu på denne staden, i det landet eg gav fedrane dykkar, frå evig tid og til evig tid.
8 Sjå, de stolar på falske ord som ikkje kan hjelpa.
9 De stel, slår i hel, bryt ekteskapet, sver falskt, tenner offereld for Baal og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.