5 Men om de verkeleg gjer vegane og gjerningane dykkar gode, om de gjer rett mot kvarandre,
6 ikkje undertrykkjer innflyttarar, farlause og enkjer, ikkje auser ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje følgjer andre gudar til skade for dykk sjølve,
7 då vil eg la dykk bu på denne staden, i det landet eg gav fedrane dykkar, frå evig tid og til evig tid.
8 Sjå, de stolar på falske ord som ikkje kan hjelpa.
9 De stel, slår i hel, bryt ekteskapet, sver falskt, tenner offereld for Baal og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.
10 Og så vil de koma og stå for mitt andlet i dette huset som namnet mitt er ropa ut over, og seia: «Vi er berga», sjølv om de gjer alt dette avskyelege?
11 Har det vorte ei røvarhòle i dykkar auge, dette huset som namnet mitt er ropa ut over? Også eg kan sjå, seier Herren.